Moltetur på Norefjell

Foto: Emilie Dahlman

Like etter sommerferien er det tid for å lete etter skogens gull! 

Ferien er over for dei fleste av oss, kveldane blir mørkare og hausten står for tur. Heldigvis byr helgane på moglegheit for sol, varme og eit gløtt av sommar. Er ein heldig med været kan ein oppleve sommarleg stemning på 1500 meter over havet i nydelege haustfarger. Tek du i tillegg turen ut av stien er dette riktig årstid for å finne fjellets gull!

Molte er Noregs mest eksklusive bær. Det finnes gamle skrifter som viser at bæra til tider blei skatta ved å beslaglegge 30% av bæra i enkelte delar av landet. Nordpå er den gull verdt og unnateken allemannsretten, det vil seie at det kan være ulovleg å plukke bæra i Norland eller Troms Og Finnmark. For fjellvandrar kan molteturar samanliknast med skattejakt. Heldigvis er finnaren vinnaren i disse strøka.

Det veks molter i skogane rundt Drammen også, men om du endå ikkje har nytta deg av moglegheita er du nok for seint ute. I Fjellområda derimot er dette perfekt tidspunkt og vi har eit nydeleg molte-fjell kun 1,5 time køyring frå Drammen.

Køyr til Norefjell og parker gjerne ved Tempelseter eller Gulsviksetra. Derifrå kan ein sette kursen mot Høgevarde Turisthytte som ligg ca 2,5 timer gonge unna. Ynska du å plukke molte må du ut av allfarvegen og tråkke deg gjennom lyngen. Kanskje må du regne 4-5 timer opp til hytta når du ikkje går utanfor stien og leirar etter gullet. Gå der andre ikkje går og bruk blikket aktivt. Så lenge du går i motbakke er du på riktig veg.

På toppen ligg det to ubetente DNT-hytter, ein ny frå 2017 og ein som blei reist i 1893. I den eldste hytta er det open kafé kvar dag ut skuleferien, og i helgene utover til haustferien. Kombiner gjerne molteturen med eit måltid her, samt kanskje ein overnatting på hytta. Hyttene har vært eit naturleg turmål for folk som ferdast i område i snart 130 år.  Faktisk brukte Fridtjof Nansen Norefjell som eit treningsområde til sine verdskjente polekspedisjonar rundt år 1900.

Dei store mengdene med molte finn du kanskje nordaust på Norefjell, ikkje langt frå stien mot DNT hytta Toveseter. Her er det frodigare og fuktigare mark, noko som gir gode vekstkår for bæra. Turen frå Høgevarde til Toveseter er 11 km lang og tek ca 4 timar.

Skrevet av Sigbjørn Bøtun.

Fakta/tips til turen

Utfartsted:
Eks. Tempelseter eller Gulsviksetra. 

Kart:
Turkart Norefjell 1: 50 000.
Studer gjerne kartet før du tek turen, og legg ein plan for kor du ønsker å gå.

Ta med:
Niste og drikke.
Ekstra, vanntett tøy.
Små bøtter (1-2 liter) med hank og lokk. Da moses ikkje bæra når du transporterer dei heim i sekken.

Fakta:
I tråd med Friluftslivlova kan du trykt både plukke bæra du finn i utmarka, men la umodne bær stå til turfolka som kjem etter deg. Unntaket er i Noregs nordlegaste fylker, der moltemyrer har vært ein viktig inntektskjelde for grunneigar.

Foto: Sigbjørn Bøtun

Skrevet av Åshild Woie 2. september 2020