Mikroeventyret Skrim

Knutefjell
Knutefjell Foto: Ron Jansen

Sør for Kongsberg finn ein eit av Noregs minste fjellområde, og kanskje er det eit vel så bra eventyr som å bestige topper og krysse fjellpartier lengre hjemmefra. 

Norge på tvers, Hardangervidda på langs, krysse Grønland og bestinga fjell i fjerne land. Vel og bra, kan det være. Det finnes mange store bragdar der ute, men eventyra i naturen finnes også like utanfor døra for der folk bur. Sør for Kongsberg finn ein eit av Noregs minste fjellområde, og kanskje er det eit vel så bra eventyr?

Skrim er ikkje det største fjellområdet, men tek igjen på å være eit vinterparadis av dei sjeldan. Løypenettet i området er stort, og moglegheitene er mange. Sjølv om fjellområdet ligg nær sivilisasjonen, er det relativt lite lysforureining, så ein krystallklar stjernehimmel er nesten garantert. Darrebu er ein av DNT-hyttene i området som du kan bruke som base for skiturane på Skrim. Hytta ble pussa opp i 2017, og ligg kun 1,4 km frå parkeringa på Omholt. Du kan enten gå dagsturar frå hytta, eller ta turen til Sørmyrseter 9 km lenger vest. Det køyrast opp skuterspor dit så snart det er snø nok. Turen går i lettgått, småkupert terreng med open fjellskog. På Sørmyrseter kan du kose deg med medbrakte godsaker. I likskap med Darrebu, er hytta ubetent og har ikkje proviant. Har du med hund, kan de bo i Veslestova. Herifrå kan ein også velje å ta turen opp på Styggemannen, Skrimfjellets høgaste topp på 872 moh, ca 250 meter høgare enn parkeringa på Omholt, og med god utsikt i fleire retningar.

Ein gamal sagn fortel at det budde eit troll i fjellet, Styggemann. Trollet mislikte at folk traska rundt heimen hans, og forstyrra han. Derfor låg trollet på toppen og følgde med. Kvar gong det kom nokon for nære, kasta han ein stein nedover. Går du i dag stien frå Sørmyrseter, kan du endå sjå mange av desse steinane. Trollet var kun ute i gråvær, men ein gang ble det overraska av sola. Då blei trollet forsteina der han sat på toppen av fjellet. Ser man frå den rette kanten og på litt avstand, kan ein ifølge sagaen sjå både nase, munn og hake til den det forsteina trollet; den stygge mannen.

I dag ligg det ei steinhytte med namnet Styggemannshytta på denne toppen. Hytta er sjarmerande, men enkel, og nyttar seg best som nødbu. Ynskjer du å ta eit besøk inn i hytta, må du kontakte Tønsberg Turistforeining for å få nøkkel.

God tur på ditt neste mikroeventyr – på Skrimfjellet.

Fakta/tips til turen

Rute: 
Omholt–Darrebu - Sørmyrseter–Styggemannen - Omholt

Lengde på etappene: 
Omholt til Darrabu: 1,4km
Darrabu til Sørmyseter: 7 km
Sørmyrseter til Styggemannen: 3km
Styggemannen til Omholt: 9km

Adkomst:
Til Darrebu - kjør til Passebekk i Lågendalen, ta av Surliveien til Omholt (bomvei). 1,4 km å gå fra P-plassen. Fra den sørvestre delen av P-plassen følges rødmerking mot nordvest.

Kart:
Siljan Nord, DNT Telemark, 1:25 000

Ta med:
Nødvendig utstyr og mat for dagstur eller overnattingstur. Se pakkelister på nettsiden vår, under "Turbutikken". 

Verdt å merke seg:
Darrebu har 8 senger, Sørmyrseter har 13 senger. Begge har standard DNT-nøkkel, medan Styggemannshytta har spesialnøkkel.
​​​​​​​Sjekk om det er køyrt opp skispor på www.skisporet.no, og les meir om hyttene på www.ut.no

Styggemannshytta
Foto: Jørn Følstad

Skrevet av Sigbjørn Bøtun 10. desember 2019