Følg Byggearbeidene på Høgevarde

Onsdag 30. mars

startet byggingen av ny selvbetjent hytte  på Høgevarde. Arbeidet er nå godt i gang og fremdriften er god mye takket være den store innsatsen til frivillige som stiller opp på dugnad.

Saken oppdateres fortløpende. Siste nytt er nederst.

Etter ei god vekes jobbing med lange dagar for hyttevert/maskinentrepenør Jarle, maskinkøyrar Joakim og dugnadskarane Emil frå Sande og Arne frå Kristiansund, men har bodd to år i Hokksund, kjem dei 33 fundamenta for den nye sjølvbetente hytta på plass denne veka.

Joakim har gravd og hamra i tele og stein 50 cm til nesten 2 meter ned for å finne fjell. I kvart punkt er det bora tre 40 cm.djupe hol med fjellboremaskin der tre kraftige armeringsjern er gysa fast. Forskalinga for fundamenta er 30 cm vide stålrør som gå opp til bakkenivå. Nesten 200 sekker tørrbetong er blanda i bøtter med oppvarma vatn frå Høgevardetjønna og fylt i fundamenta. På toppen av desse er sveiseplater solid forankra i betongen. Til «vintermatter» for å sikre betongen mot frost og sikre rask herdig er gjenbrukt dei gamle vatt-dynene frå turisthytta. Dei ekstreme vindforholda på Norefjell er berykta, men med 99 boltar til fjell, skal fundamentet tåle meir enn orkan.

Måndag 11. april

startar Montasjeservice sveising av stålpelar og bjelkar som skal danne «grunnmuren» før byggmester Øystein Henriksen startar monteringa av massivtreelementa om ei veke.

Det har no vore gode arbeidsforhold med ei veke nesten utan vind på Høgevarde og lagtidsvarselet framover er like bra. Om dette slår til, er det meir enn eit halvt år sidan sist det var så lite vind på Høgevarde to veker i trekk, seier hyttevert Jarle Husby.

Det mest kritiske for framdrifta no er å få nok kuldegrader om natta til at snøen ligg ei veke til slik at transporten frå Tempelseter kan fullførast som planlagt. Dette skjer med den største løypemaskinen til Eggedal turlag som trekker ein stor tilhengar på belter. Mandag - onsdag denne veka var det stopp i transporten pga. midver og regn på Tempelseter, men held vermeldinga dei næraste dagane med minusgrader om natta heilt ned, skal meir enn 20 store lass med stål, massivtreelement frå Splitkon og isolasjonselement frå Glava vere på plass 1400 meter over havet.

Måndag 18. april

hadde snikkarane sin fyrste arbeidsdag i høgfjellet på Norefjell. Bygginga av nye Høgevarde, plassert ved foten av fjellet med same namn, er ingen daglegdags prosess. DNT Drammen og Omegn får brynt seg ved å byggja i eit område som er berykta for vèret: 

-  Det er vanlegvis fleire orkanar her i løpet av året. Det er ikkje uvanleg at det dirrar i taklampa inne i hytta når det bles som verst, fortel Johan Fegri i DNT Drammen og Omegn.

Viktig utviding av rutenettet

Nye Høgevarde kjem i eit område der det tradisjonelt har vore mykje utfart. Den fyrste Høgevarde-hytta vart bygd i stein i 1893, og står framleis, som del av den noverande sjølvbetjente hytta. Med 123 år er hytta ei av dei eldste bygga i DNT-systemet.

Kvart år tek Høgevarde mot nærare 25 000 besøkjande. DNT Drammen og Omegn, som driv og eig hytta, trur dei med nybygget og planlagd utbetring av den gamle Høgevarde, vil ha potensiale til å ta i mot dobbelt så mange:

- Norefjell er et sentrumsnært fjellområde, med stor hyttebygging. Det gjer området til eit attraktivt helgeturmål. Me har hatt fleire besøkande for kvart år og såg behovet for å utvida kapasiteten, spesielt med tanke på skuleklassar. Nye Høgevarde vil verta eit svært viktig tilskot til friluftslivet på Østlandet og for DNT generelt, seier Johan Fegri.

I eitt med naturen

Høgevarde anno 2016 vert 170 kvadratmeter stor og får 45 sengeplassar. Idèen bak hytta kjem frå arkitekt Stein Halvorsen. Halvorsen har vunne fleire prisar for arbeidet sitt og er ein pioner innan økologisk tenkning. Så og seia alt hytta er bygd av kan gjenvinnast. Hytta skal kvila på ein stålkonstruksjon èin meter over bakken.

-  Tanken med å gå for pålar og ikkje grunnmur, er at snø og vind skal kunne passera både over, under og på sidene av hytta. Med det er håpet at hytta skal føyka mindre igjen. Den vert bygd i massiv tre fra en lokal leverandør i Hokksund og kledninga er i malmfuru. Soveromma er forma som boksar som «heng» utanfor hytta. Me håpar og trur at besøkande får kjenna på naturkreftene når dei har lagt seg, seier ein engasjert Fegri.

28. april

Store deler av første etasje er ferdig. Soveromsboksene er på plass. I dag legges dekket som blir etasjeskiller til hemsen. Det var et fantastisk vær i går med sol og vindstille. Det skifter fort og i dag er det grått.

28. april

Element etter element blir leita fram frå dei store stablane, krana trygt i posisjon av hyttevert Jarle og fintilpassa og skridd saman med opp til 40 cm. lange skruvar av byggmeister Øystein Henriksen og hans karar. Dei har spesialisert seg på montering av massiv-tre hus frå Splitkon. For dei som er ukjende med materialet, ser det av biletet at veggar og golv  er tjukke «sperra plater».. så tjukkelsen blir omlag som ein tømmervegg. Utvelding og oppå taket skal det tilleggsisolerast med Glava. To veker til og hovudkonstruksjonen for heile hytta skal vere på plass. Så skal arbeidet med isolering av ytterveggar og tak starte og seinare dører og vindauge fraktast opp og monterast. 

Flott skiføre på Norefjell for dei som har lyst å ta ein siste skitur i vår!

Onsdag 27. var ein drøymedag på 1400 m med sol og vindstille.. og vergudane er framleis med oss. Arbeidet har gått utan noe stans på grunn av dårleg ver så langt. 

All transporten med løypemaskin og kjelke med belte blei fullført som planlagt med siste transport i samarbeid med Eggedal løypelag måndag 25. april. No er det for lite snø ved Tempelseter til at slik transport er mulig.

11. mai

Siste nytt fra Høgevarde. Det skjer store ting fra dag til dag. Her er noen bilder som er tatt 11. mai.

Livebilde blir oppdatert hvert 5. minutt på dagtid
Bilde fra Høgevarde blir oppdatert hvert 5. minutt på dagtid
Bilde fra Høgevarde blir oppdatert hvert 5. minutt på dagtid

Skrevet av Johan Fegri 7. april 2016