Håpet ligg utanfor døra

Er du lei av alt som ikkje er lov? Her er seks tips til koronavenleg aktivitet. 

Ta eit bad

Ha på deg hue og gjerne eit par tjukke sokkar eller badesko. Legg varme, tørre klede klar til du kjem opp. Fyll termosen med varm drikke, som te eller kakao eller gløgg. Vil du gjera det ekstra koseleg, fyr eit bål før du går uti så kan du varma deg når du er oppe. 

Popp popcorn 

Dette er like enkelt som det er godt. Ha godt med olje eller smør i kjelen saman med popcornet. Hald kjelen over flammane, men pass på å rista kjelen ofte slik at det ikkje svir seg. Hanskar er lurt, då handa er nær flammane. Strø salt på toppen om du vil. Voila - varm og kjapp snacks rett frå bålet!

Heng i køya

Har du prøvd å slå opp ei hengekøye berre for å henga der? Lesa bok? Ringa ein ven? Høyra på podcast eller ta ein lunsjkvil under open himmel? Du får fort kvilepuls gyngande i ei hengekøye med naturen rundt deg. 

Fyr eit bål

Bål er stemningsfullt, perfekt å tilbereda mat eller kakao på og det er meditativt å sjå inn i glørne med lyden av knitring i øyrene. Hugs at glør kan ulma under eit tilsynelatande sløkt bål, så pass på å ha rikeleg med vatn tilgjengeleg slik at du er sikker på at du får sløkt skikkeleg. Om du har flytta på steinar for å laga bålet, spre dei utover. Å vera på tur utan å legga att spor etter seg er del av den norske turtradisjonen. Kun oske skal ligge att! 

Usikker på korleis du fyrer bål? Les her

Rydd litt 

Om du er i skogen, ved sjøen, på fjellet eller i byen, finn du, diverre, fort søppel. Men, det blir litt mindre av det etter at du  har vore der! Gjer det til ein vane å ta med deg ein pose i sekken eller veska, så kan du fjerna det du kjem over der og då. Eit anna alternativ er å gå invitera med deg vener på tur ein stad de likar å vera. Rydd det de finn av rusk og nyt den gode følelsen etterpå av å sjå eit område du er glad i bli tatt vare på.  

Stikk på hytta

Det er 550 av dei, og med koronarestriksjonar får du og kohorten din ofte heile hytta åleine. Hugs, at du må bestilla hytta før du reiser, det er ikke mogeleg å reisa på impulstur. Hytta bestiller du enkelt på UT.no

Foto: Marius Dalseg Sætre, Sindre Thoresen Lønnes, Line Hårklau