Hedersbevisninger 2020

Hvert år hedrer vi frivillige som legger ned eller har lagt ned enorm innsats i foreningen. I år var det hele 4 stykker som ble hedret.

I 2020 ble det delt ut 3 "Merkesteinen", til Tormod Hellerud, Elisabeth Fernandez og Hans Solberg.
I tillegg ble Åmund Tonna tildelt "Turistknappen i gull".  

    Tormod Hellerud, Hardangervidda/ Holmestrand

    Tormod har delteke som frivillig ved dei betente hyttene på Hardangervidda i meir enn 30 år. 
    Tormod har blitt ein god venn med verten Hans Olav og elskar å vere på Rauhelleren. Han stiller opp på dugnad med løypemaskin med kran, lastebil eller om nødvendig med eige sjøfly som har bruker for å hjelpe DNT Drammen med transport. Treng vi tankar til diesel, gass o.l liknande skaffar han det ekstremt gunstig frå sin mekaniske verkstad – og levert til Rauhelleren eller Mårbu. Han hadde tidlegare ikkje så mykje kontakt med kontoret i Drammen, men gjorde avtalar om dugnadsinnsats direkte med vertskapa. Dei siste 5-6 åra har han no hatt mykje kontakt spesielt med Simon og Johan. 

    Takk for uvurderleg hjelp i desse dagar med pilotprosjektet med solenergi på Rauhelleren!


    Elisabeth Fernandez, Drammen

    Elisabeth er ei dame som du kan sjå i mange samanhengar i DNT. Ho er turleiar på turar og frivillig på arrangement, og inviterer vi til dugnad på hytter så møter ho gjerne opp der også, og alltid med eit smil.

    I desse dagar er Elisabeth i full gang med å finne postane på årets Turorientering, noe ho saman med medturleiar Ellen brukar å ha som fellestur med DNTD kvar vår. I februar og mars var Elisabeth leiar på kurs om bruk av kart og kompass. 

    Elisabeth er ein av dei faste turleiarane på «Ut på tur» i Drammen som går fast på dagtid kvar onsdag. Dette har hun gjort i mange år og ho er ein turleiar som tar ansvaret på alvor. Alle turar blir gått opp i forkant for å sjekke forholda og om endringar må til. Turleiarsekken og jakka er alltid på og innhaldet i sekken er etter boka, alt det viktige er med.

    Fellesturar på Hardangervidda og ikkje minst «Klart det går»- turane er noe Elisabeth gjerne er med på. Som turleiar eller ledsager, alltid med konkrete tilbakemeldingar, forslag til løysingar, ei hjelpande hand å halde i og alltid med eit smil.

    Vi veit at du gir mykje av tida di til frivillig arbeid. Dette om det er Elvefestivalen, World Cup på ski eller andre som har behov for hjelpande hender eller råd og erfaringar. Vi er stolte og takknemlege over at du vil bruke så mykje tid i DNT Drammen og Omegn for å gi andre menneske Naturopplevingar for livet.

    Tormod Hellerud
    Tormod Hellerud

    Åmund Tonna, Øvre Eiker:

    Åmund har har vore hytteansvarleg på Dusehesten sidan den var ny i 1999. Han fekk Merkesteinen for denne innsatsen alt for mange år sidan.

    Åmund har nærast aleine sørga for at Dusehesten med sine 8 sengeplassar til ei kvar tid gjennom 20 år har vore klar med ved og gass og elles tipp topp stand til å ta imot gjester og medlemmer!  I 2019 kom beskjeden om at «stafettpinnen» no får gå vidare til ein annan som no tar seg av Dusehesten f.o.m. i år.

    Åmund driv også med merking av stiar for DNTD og tok initiativet til,  rydda og merka den barnevennlege rundløypa ved  Dusehesten.

    I tillegg har DNT Drammen og Omegn ved fleire anledningar vurdert ulike hytteprosjekt der Åmund har komme med forslag og delteke for å få til utvikling. Eit viktig initiativ som dessverre ikkje blei noko av, var turisthytte ved Snaukollen i Øvre Eiker. Den har ikkje blitt realisert enno, men det er ikkje Åmund sin feil. 

    Vi ser fram til vidare samarbeid  med den aktive og engasjerte eldsjela han er både i DNTD og i lokalsamfunnet på Skotselv.  

    Åmund Tonna og Elisabeth Fernandez
    Åmund Tonna og Elisabeth Fernandez

    Hans Solberg, Lier

    Hans burde ha fått Merkesteinen for lenge sidan!  

    Innsatsen i Fjellsportgruppa, med Hauer´n, Garsjøkoia som turleiar og utallege andre arrangement ikkje minst for barn og unge gjennom veldig mange år er eineståande!

    Det er berre ein grunn til at han ikkje har fått Merkesteinen før: Han har vore med i styret eller som varamedlem i styret samanhengane i 9 år, og kan ikkje få noko heidersteikn før han no takkar av. Det gjer han nok berre fordi vedtektene krev det: «sammenhengende funksjonstid for et styremedlem må ikke overstige 8 år».  

    Hans stiller alltid velvillig opp om det er drikkestasjon på Hauern eller Topp7, spikkeaktivitet på SFO-dagen, onsdagstur i Fjellsortgruppa, dugnad med etter utan traktor og skogsreidskapar - på Garsjø eller Blektjern – eller som turleiar på fellesturar på Hardangervidda. Men innsatsen din har også viktig for DNTD i krevjande drøftingar om strategi, økonomi og rekneskap i styret eller med dagleg leiar og rekneskapsførar.  Her har Hans bidrege med sin tunge profesjonelle kompetanse på området.

    Dei einaste forfalla Lier-bonden har tillate seg gjennom alle åra er nokre godversdagar for våronn og tresking – då blir kvalitetskorn sjølvsagt prioritert.

    Hans Solberg
    Hans Solberg Foto: Anders Backe

    Kriterier for å bli tildelt hederstegnet Merkesteinen:

    • Kandidaten må ha utført ulønnet, uegennyttig, regelmessig innsats for DNTD gjennom flere år, f.eks. ved dugnadsarbeid.
    • Kandidater er personer som normalt ikke faller inn under andre hederstegn, men som gjør eller har gjort en innsats for DNTD.
    • Kandidater kan også være de som ved denne utmerkelsen inspireres til videre innsats.
    • Innsatsen kan både være i komitéer eller arbeid alene.
    • Innsatsen bør ha vart i minst 4 - 5 år.


    Kriterier for å bli tildelt hederstegnet Turistknappen i gull:

    • Kandidaten skal ha frontet DNTD utad fortrinnsvis gjennom mange år, dvs. vært en utmerket ambassadør.
    • Kandidaten må ha utmerket seg ved å støtte turistforeningens virksomhet/arbeid.

    Skrevet av Åshild Woie 29. mai 2020