Beste start på fjellpåska på seks år

Første etappe av DNT Ungs fellestur på Sabotørruta.
Første etappe av DNT Ungs fellestur på Sabotørruta. Foto: Marius Dalseg Sætre

Overnattingane på DNTs betjente hytter viser så langt ei auke på tre prosent i forhold til i fjor. Ein må tilbake til  2013 for å finna like mykje  folk i fjellet. 

–  Til trass for at påsken i fjor var tre veker tidlegare enn i år og uvanleg snø- og solrik, har endå fleire funne vegen til fjellet i palmehelga i år. Det er tydeleg at folk vil utnytta siste rest av vinteren og få med seg ein av dei beste månadane i året for skiturar, seier generalsekretær i DNT, Dag Terje Klarp Solvang. 

Samanlikna med snittet frå 2014 - 2018 har dei betjente hyttene til DNT ein oppgang på 15 prosent så langt i påsken. Den fyrste helga har 4554 personar overnatta på hyttene. 

400 brødskiver på rappen 

Tor-Einar Kvale er helt fersk som vertskap på Solheimstulen på Hardangervidda. Dette er den nyaste betjente DNT-hytta i landet og har 40 sengeplassar. Det er bratt læringskurve som ny i jobben og Tor-Einar oppdaga tidleg at det å ha nok av alt er ei øving i seg sjølv.  

– I dag starta vi med frukost til 40 personar. Blant dei var ein stor delegasjon fra DNT ung. Dei skulle ha med seg til saman 400 brødskiver på ein vekeslang tur over vidda, så det var litt krevande for kjøkkenet, men det ordna me. Det ordnar  seg på  eit  vis, alltid! seier  Kvale.   

Jo høgre opp, jo betre snø 

Med minusgrader om natta og strålande sol og plussgrader om dagen, har det blitt ein knallstart på påska. Det er gode forhold for skiturar i dei fleste høgfjellsområda. Og jo høgre til fjells ein er, jo betre snøforhold er det. 

– Kulden gjer at snøen held seg. Det er hardt føre tidleg på dagen, medan sola mjukar opp føret utover dagen. Det er noko mindre snø enn normalt i Sør-Norge, og meir enn normalt i nord. Likevel er det nok snø til fine skiturar,  særleg i Trollheimen, Jotunheimen, Skarvheimen, Breheimen, Femundsmarka, Hardangervidda og Tafjordfjella, seier Klarp  Solvang.   

Utnytt  dagane! 

Generalsekretæren ber folk ber folk nytta høvet til å få fine påsketurar og brilleskille medan dei  her sjansen;

–  Dette er ikkje mindre enn ein eventyrpåske. Det er ikkje sjølvsagt at ein får så flotte forhold for ski og friluftsliv på denne tida av året, og med vèret som er meldt framover er  det  ingenting  å  lura  på - ta turen til fjells! 

Områda med størst oppgang så langt:  

Sylan (+8 %) 

Trollheimen (+11 %)   

Skarvheimen (+11)  

Langsua (+15%) 

Hardangervidda (+ 22%) 

Jotunheimen (+27%) 

Feller kan være kjekt å ha i sekken!
Feller kan være kjekt å ha i sekken! Foto: Marius Dalseg Sætre

Desse har størst auke i besøkstala samanlikna med samme periode i fjor:   

Skarvheimen 

Finse : 531 overnattingar,  opp 21 % 

Hardangervidda 

Rauhelleren 235 – opp 7 % 

Krækkja 329 - opp 20 %  

Sandhaug 376 – opp 27 %  

Jotunheimen:   

Glitterheim 218 – opp 45 % 

Skrevet av Mari Stephansen 16. april 2019