Spelemannshelg på Rauhelleren

Det vert Spelemannshelg på Rauhelleren også i 2019!

Helga 22.-24. mars er det duka for nok ei fantastisk helg på Rauhelleren Turisthytte - dette
vert den fjerde spelemannshelga på Rauhelleren.


Folkemusikken har vore ein naturleg del av livet til alle som har levd kring Hardangervidda
og det finst mange historiar om spelemenn som har gått over vidda for å lære slåttar eller for å
spele i bryllaup på andre sida. Både i Telemark, Numedal, Hallingdal og i Hardanger er det
svært rike tradisjonar og mange som framleis utøver tradisjonsmusikken. Rauhelleren, som
ligg midt i mellom vert soleis ein perfekt møtestad.


Spelemannshelga er eit unikt tilbod der folk i alle aldrar kan samlast og nyte og oppleve god
mat, konsertar med profesjonelle folkemusikarar og fantastiske naturopplevingar på tvers av
generasjonar, midt inne på Hardangervidda, langt frå støy og sivilisasjon. At det vert arrangert
på ei hytte langt inne på fjellet gjer til at det vert ei heilt spesiell stemning og eit nært band
mellom alle som er der.

Artikkel fortsetter under bildet

Sudan Dudan
Sudan Dudan

KONSERT MED SUDAN DUDAN

Sudan Dudan består av Marit Karlberg på vokal, harmonium og langeleik og Anders Erik
Røine på fele, gitar, vokal og munnharpe.Sidan debutskiva «Sudan Dudan»i 2006 har duoen
gjeve ut tre kritikarroste plater og hausta stor åtgaum i både inn-og utland for dei fantastiske
låtane og arrangementa dei har laga. Duoen har også laga filmmusikk til stumfilmen «Kristine
Valdresdatter» saman med trommeslagaren Hans Hulbækmo (Broen, Atomic o.a.) og
bassisten Sondre Meisfjord (Come Shine, Trondheim Jazzorkester o.a.). Duoen har spelt
konsertar på mellom anna Vinjerock, Sommerfesten på Giske og Øyafestivalen og dessutan
turnert i inn-og utland.Sudan Dudan vann i 2018 Folkelarmprisen i tradisjonelt samspel for
utgjevinga «Heimen der ute».

Artikkel fortsetter under bildet

Øyvind Brabant og Helga Myhr
Øyvind Brabant og Helga Myhr

KONSERT MED HELGA MYHR OG ØYVIND BRABANT

Helga Myhr kjem frå Torpo i Hallingdal og er å finna i konstellasjonar som vokalgruppa
Kvedarkvintetten og folkemusikkbandet Morgonrode. Det å spele og syngje slåttar og songar
frå heimtraktene heilt solo er likevel noko av det Helga likar aller best, kanskje det er det som
er grunnlaget for svært gode prestasjonar også på kappleikar både innan song og spel.
Øyvind Brabant frå Nes er sjølve nestoren for hardingfelespel i Hallingdal og er ein av landets
beste spelemenn. Han er særleg kjent for kappleikspublikumet og har vore aktiv på kappleikar
frå slutten av 60-talet og heilt fram til i dag. Han spela seg opp i A-klassa i 1978 og har etter
den tid gått til topps på ei rekke gonger, av høgdepunkt kan nemnast siger på
Landskappleiken i 1993 og Fanitulltevlinga 2002. Han har òg vore ein hyppig konsertutøvar
med konsertar i inn-og utland.

Bestill overnatting og billettar på:
mail@rauhelleren.no eller +47 902 76 395

Adkomst Rauhelleren:

Tog fra Bergen (3 timer) eller Oslo (3,5 timer) til Geilo eller Ustaoset, derfra på ski via Tuva og Hein.

Rutetabell for tog finner du her.

Skrevet av Oda Marie Sandal 13. mars 2019