25. juli 2020 er dagen for den fiskeglade i Skjåk Almenning! 🎣🐟

Arrangement

Fra dato
24. juli kl. 08:00
Til dato
26. juli
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Fjellsportinteresserte
Turtyper
Arrangement, , Fiske, Breheimen, Fjellfiske
Arrangører
Sota Sæter, Den Norske Turistforening , DNT Oslo og Omegn , Sota Sæter
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Dette arrangementet er over!

25. juli 2020 er dagen for den fiskeglade i Skjåk Almenning! 🎣🐟

 

Denne laurdagen arrangerar Skjåk Almenning, i samarbeid med Sota sæter DNT, sportsfisketur i Breheimen Nasjonalpark. Lokal kjentmann vil med utgangspunkt frå Sota ta deg med til ulike tjern og vatn på jakt etter storauren. Turen er krevjande med ein dagsmarsj på nær 2 mil. Turen tek til på 740 moh. og vil nå ei høgde på 1500 moh. Terrenget er likevel til dels lettgått og delar av løype går etter sti.

 

Med denne turen vil du oppleve kjernen av Nasjonalparkriket og Breheimen Nasjonalpark. Fantastisk utsikt, variert landskap og gode moglegheiter for fangst av aure i dei ulike vatna. Laurdag vil turen avsluttast med middag og «etterfisk» på Sota sæter. Fiskekortet vil gjelde frå fredag til sundag, slik at ein kan fiske på eigehand fredag og sundag dersom ein ynskjer det. Denne helga er det også Breheimen blues & rock festival på Sota. 😊

 

Vi legg opp til 2 ulike pakker:

 

Pakke 1 inkluderar:

• Fiskekort (3 døgn)

• Matpakke (laurdag)

• Guiding (laurdag)

Pris; 850 ,-

 

Pakke 2 inkluderar:

• Overnatting på Sota sæter DNT fredag – sundag

• Middag og frukost

• Matpakke (laurdag)

• Fiskekort (3 døgn)

• Guiding (laurdag)

 

Pris; 2950 ,-

Sjå også på arrngementet " Breheimen Blues & Rock Festival", som går av stabelen same helg på Sota Sæter DNT. Desse arngementa kan lett kombinerast

 

Sjå https://www.skjak-almenning.no/fiske-i-skjak for meir informasjon om fiske i Skjåk Almenning.

 

For påmelding eller spørsmål; kontakt: kristen@skjak-almenning.no

Påmeldingsfrist: 12.juli

Max 10 deltakarar.

25. juli 2020 er dagen for den fiskeglade i Skjåk Almenning! 🎣🐟

25. juli 2020 er dagen for den fiskeglade i Skjåk Almenning! 🎣🐟   Denne laurdagen arrangerar Skjåk Almenning, i samarbeid med Sota sæter DNT, sportsfisketur i Breheimen Nasjonalpark. Lokal kjentmann ...