Eikelidvatnet - Vigestøl - Skomakarnibba - Hjelmelandsvågen - Hugs påmelding !

Fellestur

Dato
7. juni kl. 09:00 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Juv, Stup, Skomakernibbå, Fjordutsikt, Nibbe, Hei, Øksnafjell
Arrangører
Hjelmeland Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Lang og tøff tur utover langs sørsida av Jøsenfjorden - flotte utsiktspunkt. 

Oppmøte i Hjelmelandsvågen kl 09.00 OBS NYTT STARTTIDSPUNKT
Alle kjører i eigne bilar til startpunkt pga koronarestriksjonar.
Me kjører inover i retning Vormedal,
Turen startar i Eikelisvingen på Vormedalsvegen (første krappe sving etter Brekkå, på veg ned mot Vormedal), 250 moh .
Oppmøte i svingen ca 09.30. 

Me vurderer òg eit mogleg alternativt startpunkt heilt nede i Tøtlandsvik saman med kjentmann Jan Dagfinn Viken. Ruta herfra går via Laksatona, og er svært bratt, ulendt. og urete. Krevande, så passer for fjellvandte. Ta kontakt med turleiar Gunnulf Sande 905 79 463  viss du er interessert i den bratte oppstigninga herfra. Start herfra må avtalast på førehand. Desse møter då resten av turfølgjet på skogsvegen ovanfor Laksatonå. 

Ordinær start frå Eikelidsvingen med turleiar Svanhild Hjorteland Gbada.: Herfra går me innover skogsveg i nydeleg skogsterreng fleire km, forbi Eikelidvatnet, Vikestølvatnet og heilt inn til foten av Indre Øksnafjell. Møter ev turfølgjet frå Tøtlandsvik ca 4 km inne på skogsvegen.
Me følgjer skogsvegen heilt til endes, og vidare opp i terreng opp Krodalen, og opp til markant utsiktspunkt ca 640 moh. Her er det utsikt rett ned i Osmundsjuvet og ned i Osmundshavn i Jøsenfjorden. Flott utsikt innover fjorden.
Herfra går turen vidare vestover i terreng: først litt nedover igjen, og deretter stigning oppover til Høgeheia ca 740 moh.  
Høgeheia ligg like ovanfor den sagnomsuste Skomakarnibba; ei markant nibbe med stup ned i Jøsenfjorden, ca 680 moh.

Heretter fortsett turen vidare vestover på merka sti, først forbi det dramatiske Ulsvikjuvet. Vidare utover langs Øksnafjellet, før det går bratt ned skogkledd li. Turen går i tildels myrlendt og ulendt terreng, og nokre bratte parti.  Terrenget slakar ut og stien blir betre, og går over i landbruksveg etterkvart som me nærmar oss garden Hagalid, ca 300 moh

Hagalid er det galleri og liten kafè. Men turen fortsett til fots vidare på merka sti vidare vestover. Det blir nok ei bratt nedstigning, nå ned mot Flåtene, som var gamle fotballbanen på Hjelmeland. Frå Flåtene følgjer me merka turveg gjennom kulturlandskapet sørover gjennom Sæbøgardane og ned til Vågen.

Turen er ca 15 km, relativt lang og tøff, med ein del stigning, bratte og ulendte parti. Utsiktspunkta passar best for folk utan høgdeskrekk, Bratte skrentar, så vis aktsemd. Fordel å vere fjellvandt og i god form.

Her er kartlink til ruta med start Eikelidsvingen 

Vanskeleg å anslå eksakt tidsbruk på turen, men kanskje ca 8 timar.  Ein må rekne med at heile dagen går. Ta med godt med mat og drikke, samt gode sko og klær etter forholda. Kikkert er fint å ha då me kjem opp på flotte utsiktspunkt.

Pga koronareglar må me ha påmelding til turen, og maks 20 i turfølgjet inkl turleiarar og kjentmann.  Alle deltakarar må hugse avstandsreglar og god handhygiene - ta med eigen mat,drikke og utstyr !  Difor kan me heller ikkje organisere samkjøring til startpunkt.  Ein skal kun gå om ein føler seg frisk og utan forkjølessymptom. 

Eikelidvatnet - Vigestøl - Skomakarnibba - Hjelmelandsvågen - Hugs påmelding !

Lang og tøff tur utover langs sørsida av Jøsenfjorden - flotte utsiktspunkt.  Oppmøte i Hjelmelandsvågen kl 09.00 OBS NYTT STARTTIDSPUNKT !  Alle kjører i eigne bilar til startpunkt pga koronarestriksjonar. Me ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Gunnulf Sande
  • Svanhild Hjorteland Gbada